Dei unge løparane frå Fana Langrenn representerte kultur- og vintersportsbyen på ein framifrå måte og sette ein støkk i konkurrrentane frå midtre og indre strøk under krinsmeisterskapen på Voss i helga.
Under fristil-sprinten laurdag fekk Fana-løparane 4 pallplasseringar med klassesigrar til både Markus Braadlie (gutar 11 år) og Kasper Rønning Komnæs (gutar 12 år). Nina Tveite, J 11 år, fekk 3. plass og Mikkel S. Lampe, G 11 år, vart nr. 2.
Også i klassiskrennet sundag gjekk Markus og Kasper til topps. Mads Ulrich Mjanger Muller fekk plassen bak Markus og Mikkel vart nr. 3. I jenter 11 år fekk både Nora Øvergaard Aarvik (2) og Nina (3) pallplassering. Det same fekk Sarah Instanes i jenter 12 år med 3. plass.
Inspirert av rekruttane viste også seniorane frå Fana stor idrett, der Torunn Øvergaard Aarvik vart krinsmeister i seniorklassen, med beste tid uansett klasse for kvinner 10 km.
Beste herreløpar frå Fana tidsmessig på 20 km vart Sverre Slethaug (M36-40), framføre Brigt Strømmen som vann klasse M51-55. Klassesiger vart det også til Gustav Wiig, M56-60.
For fullstendige resultatlister, sjå:
http://www.fanail.no/sitefiles/7/langrenn_skiskyting/Innbydelser_og_resultater/resultatlistekmklassiskparkrennet.pdf
http://www.fanail.no/sitefiles/7/langrenn_skiskyting/Innbydelser_og_resultater/Viljarsprint_2010_KM_sprint_Hordaland.pdf